Eg brenn litt ekstra for akkurat dette med å løfte fram, og «empower» kvinner. Vi er så opptatt av å holde oppe alt og alle rundt oss, att vi ofte heilt gløymer, eller rett å slett ikkje har overskudd til å ta vare på oss sjølve!
Så Empowering women handlar ikkje berre om vakre bilder. Det handlar om å løfte fram den indre krafta, styrken og sårbarheita i kvar kvinne. Gjennom varme og trygghet og eit blikk som ser deg, prøver eg å skape rom for kvinner til å kjenne seg vakre, sterke og frie, akkurat som dei er. Her handlar det ikkje om å endre seg, men om å eige seg sjølv- fullt ut.
For det er på tide å ta tilbake energien sin, stå stødig i si eiga kraft og leve fra hjertet.
I studio, eller om du heller vil på location eller vere ute i naturen, går vi gjennom ulike lyssettingar, poseringar, bruker forskjellige bakgrunnar og antrekk (casual, fint, business, boudoir ) for å skape ulike uttrykk og variasjon i bilda. Vi tar oss en god prat i forkant av fotograferinga, for å finne ut kva akkurat du likar og ønsker, så legg vi en plan.